Konseptskisse:
Ei velordna
overflate, eit skjult indre liv...
Geografi:
Labyrinthia er ei låg øy med
stor utstrekning. Ho er snaubeita av sauer, og dei høgaste punkta på
Labyrinthia er dei spisse sypresstrea som veks her og der. Sommaren er lang og
tørr.
Busetjing:
Hovudnæringsvegane er vindruer, sauehald og olivenolje.
Labyrinthia har to større byar og mange små gardar. Dei to byane heiter Patan
og Stura.
Styresett:
Patan er ein bystat som er styrt av eit råd, og Stura
har ein fyrste. Patan er ein gjestfri og open by, men Stura er stengt for alle
framande.
Befolkning:
Storparten av befolkninga er bønder og gjetarfolk,
som bur spreidd omkring på øya. Av byane er Patan den største i foketal.
Bøndene på den Labyrinthiske landsbygda er stort sett fredelege og arbeidsame
folk. I Patan er det kultur for musikk, lyrikk og akademiske syslar. I Stura er
det meir fokus på fysisk fostring som bryting og ridekunst.
Viktige
personar:
- Vridd Tesor er Patans fremste matematiker, alkymist og filosof.
Han er eksentrisk og myteomspunnen, og det fins mange historier om at han
vandrar ute blant folk utan å gje seg til kjenne som den han er.
- Abela
Wilder sitter i byrådet i Patan, og er i tillegg overhode for ein av Patans
mest framgangsrike handelsfamiliar. Ho blir ofte sett i bybildet i Patan,
muntert konverserande med ein dhrall som berer på ei heftig bunke pergament
eller ei av Abela Wilders siste invisteringer. Wilder-familien har ein heilt
utruleg flaks og teft.
- Fyrst Tansar er regent i Stura. Han er ein velkjent
figur, forguda av tilhengarar og demonisert av motstandarar. I hans
regjeringstid har det blitt bygd opp svært effektive forsvarsverk rundt Stura,
og kvar dag er han ute og trener med Stura sin rytterhær. For sju år sida
døydde dronninga under ein vanskeleg fødsel.
- Den sju år gamle
fyrstedottera Trasa er ofte ute på ridetur saman med faren, og ho skal visstnok
vere eit modig og klokt barn.
Handel og produksjon:
I byane fins det ei
gruppe menneske som lever av handel, både innad på øya og med andre øyer.
Blandt desse finst dei mest velståande på Labyrinthia, men reisene er farlege,
og mange har mista alt til forlis eller piratar... Handelen gjer at det er
mogleg å få tak i sjeldne varer på Labyrinthia, og det er eit yrande liv på
marknaden i Patan. Der kan ein kjøpe fargestoff og krydder frå heile Terrustor,
om ein har trullar til det. Dei varene som er typiske for øya er vin,
olivenolje og fint ullstoff.
Historie:
Dei eldste skrivne kjeldene er sju
hundre år gamle. Dei beskriver labyrintar som var gamle alt då, og som hadde
blitt bygd som vern mot magistormar. Desse labyrintane strekker seg under
overflata over heile øya. Dei er så store og forvirrande at folk lett kan
forsvinne for godt der inne. Det fins beretninger om skattar som ligg gøymt der
inne, og truslar utan namn som lurar inne i mørket...
Patan og Stura har
vore i krig mot kvarandre fleire gonger. Stridighetene var langvarige. Forholdet
mellom dei to bystatane er anstrengt, sjølv om det er lenge sidan det har vore
blodsutgyting. Sist det var magistorm, for 96 år sidan, vart Patan hardast
råka. Fyrstinna som den gongen rådde over Stura sendte både folk og dhrallar
for å hjelpe til med gjenoppbygginga av Patan. Dette betra forholdet mellom dei
to bystatane, men mistrua er der framleis.
Lause endar:
Stemmer det at
det gamle byarkivet frå Patan ligg gøymt i den underjordiske labrinten? Er et
sant at folket frå Stura leier 12 bakbundne ungdomar inn i labyrinten kvar gang
det er fullmåne? Er det riktig at Vridd Tesor i løndom har laga tidenes beste
navigasjonsinstrument? Og har han gjort det på oppdrag frå det Sturanske
fyrstehuset? Stemmer ryktet om at unge Trasa hadde ein tvilling, som også var
levandefødt? Kva skjedde i så fall med dette barnet? Stemmer det at Abela
Wilder ikkje bare hamstrar mat og varer i påvente av neste magistorm, men at ho
også veit når stormen vil komme?