Gråfjell

Alt før øya er synleg over horisonta, kjenner du ein lengsel, ei uro i kroppen. Draumane dine blir sterke og underlege. Du kjenner ei søt lukt som henger ved etter at du har vakna. Du drøymer om ei stor grøn øy, og kanskje blir du overraska når øya som stig frå havet er grå, spiss og taggete...

Geografi:
Øya Gråfjell er steil og bratt, og klippene er grå og sundrivne. Mange stader går klippene rett i havet, men her og der finst små grøne flekkar, og bratte bekkar og stryk. Frå sjøsida ser det ikkje ut som det kan vere mogleg å nå toppen på øya, men om ein velger rett rute lar det seg gjere. Det som møter blikket då, er eit fjellvatn omkransa av klipper. Klimaet på øya er fuktig, og ofte driver tåke inn frå havet. Graset gror grønt i dei bratte liene på sørsida av øya, og om våren glimtar det i tusenvis av bleikgule symreblomar.

- Busetjing: Det er ingen fastbuande på øya, men ruinar av bygningar vitnar om gammal busetning. Nokre av dei gamle bygningane blir brukt som sommarfjøs. Folk på dei omkringliggande øyene brukar øya som beite for geiter, og i sommarhalvåret hender det ofte at dei går ofte i land for å sjå til dyra. Det hender og at folk gjer seg ærend ut hit for å besøke gamlingane som har sommartilhaldsstad i ei sjøbu som ligg ved ei lun vik på nordsida av øya.
- Styresett: Folk som bur på dei omkringliggande øyene har rettar til vrakgods, tang og tare samt beite. Ei gruppe eldre mennesker frå desse omkringliggande øyene lever i eit slags kollektiv kvar sommar.
- Befolkning: Ein handfull eldre mennesker blir rodd ut og satt i land kvar vår. Desse gamle folka er rolege og tolmodige der dei ruslar i veg for å fiske fisk til middag eller hente vatn til grisen. Dersom dei får besøk blir dei glade, og dei fortel gjerne om ting dei har høyrt om øya i gamle dagar. Dei før seg sjølv og ein gris, og når hausten kjem blir dei rodd inn heim til slekt og venner att.

I ei hole langt oppe i fjella ligg ei vakker ung kvinne og søv. Ho luktar søtt. Ingen kan vekke ho, og ingen som har sett ho kan gløyme ho.

Handel og produksjon:

Geitehald og helsebringande vatn.

Historie:
"Janei, kvifor spør du meg om ditta då... Du skulle ha kome i fjor, du, medan ho Danille levde. Ho visste mykje ho. Nei, eg, nei, eg veit ikkje stort. Nei, du veit... hugsen er ikkje sånn som han var nei. Ja, ditta e no so." Det rynkete fjeset endrar seg. Blikket blir fjernt. Den gamle set i gang å fortelje...

"For mange hundre år sida kom eit skip til desse kystane. Det hadde ingen årar og ikkje noko segl. Ei ung kvinne var den einaste ombord. Ho sov ein roleg søvn, men var ikkje mogleg å vekkje. Ho vart tatt på land, og stelt for. Dagar og veker gjekk, men ho dødde ikkje, endå ho verken åt eller drakk. På den tida budde det mykje folk på øya, og dei kappast om å få ha kvinna hos seg. Ein mann såg seg lei av dette, og ei månelys natt tok han med seg kvinna og bar ho med seg. Han klatra opp i klippene med henne, og gøymde henne. På veg ned att falt han ned, og så vart han knust mot klippene. Folk leita, men fann ikkje den sovande kvinna igjen."

"Dei seier det har skjedd her på øya at folk har falt i søvn for aldri meir å vakne. Dei blir gamle og døyr som anna folk, men vaknar aldri til. Det kan vere derfor øya vart fråflytta, dei gamle seier no det."

"For to hundre år sida budde det bare gamalt folk på øya, slik som no. Men idet dei skulle vitje vener og naboar på øyene omkring, fann dei ei av øyene knust av ein magistorm. Dei andre øyene i området var også hardt råka, og berre Gråfjell gjekk fri..."

"Dei seier at vatnet på øya skal hjelpe mot plager og lidingar. Du ser jo kor spreke vi er, vi som er her sommarstider. Hehehehe, jada..."

Lause endar:
Kvifor drøymer alle som kjem til Gråfjell om den store, grøne øya? Og kvifor søkjer augene mot klippene der oppe? Lys har blitt sett på øya i vinterhalvåret. Ein del skip har også forsvunne i områrdet. Kan det vere at ei gruppe vrakplyndrarar har tilhald på øya?